top of page

Julemarknad 

Julemarknad på sommarkafeen 13.og 14.november.

Her kan du sikre deg fine julegåver samtidig som du støttar to gode u-landsprosjekt.

Åshild Veiteberg (bur i Alversund) og Tone Askeland (bur på Frekhaug), kjem med mykje fine ting laga av fattige kvinner på Filippinane.  Dei to, saman med mange andre, er med og driv eit stort hjelpearbeid der, med hovudbase utanfor Manila. Arbeidet er tilknytta Misjon utan grenser. Kvinnene som får hjelp syr, strikkar, heklar og lagar mage fine ting av gjenbuksmateriell. All inntekt av salet går til desse kvinnene som på denne måten tener pengar og dermed kan forsørgje familien sin, sende barna på skulen, ha mat på bordet og medisin når det trengst.

Åshild og Tone kan fortelje mykje meir under salet.

 

Signhild Brosvik Thorne bur  i Eswatini (Tidlegare Swaziland), lengst sør i Afrika. Ho er bedriftsleiar i Baobab batikk. Ei batikkbedrift som gjev arbeid til kvinner på landsbygda der.

Vi sel produkt derifrå. De kan og bestille varer for levering før jul.

Her finn de fine ting til både store og små, bukser, toppar, skjerf, hårband, forkle m.m. Bedrifta har store utfordringar no grunna corona. Stengde butikkar, får ikkje selt varene sine.

All inntekt frå dette salet går til damene som jobbar der.

 

Laurdag ope 12.00-16.00. Kafemeny: blomkålsuppe, focaccia, natronkaker og vafler

Søndag ope 12.30-17.00: Søndagsmiddag. Steik og kjøtkaker

DSC08178.heic
20201109_131123.jpg
IMG_4255.heic
image000000.jpg
image0000001.jpg

©2023 by Thyme. Proudly created with Wix.com

bottom of page